Skiforer til Sogndalssalen, Fjaerland, Jostedalen og Hurrungane
Toppturar i Sogn er ein skiførar til 69 fjell i områda Sogndalsdalen,
Fjærland, Jostedalen og Hurrungane. Sogn har dei siste åra blitt kjend som eit
skiområde i verdsklasse for den som er i stand til å ta seg til topps for eiga
maskin. Her finn du alt frå spektakulære tindar til botnlaus puddersnø.
Boka er delt inn i tre hovudområde. Sogndalsdalen og Fjærland er heimebana for
det sterkt veksande skimiljøet i Sogndal og bygdene rundt. Snømengdene er
store og stabile, og nedbøren kjem gjerne med mindre vind enn det ein er van
med i andre delar av landet. Mange stader er det gode tilhøve for
skogskjøring, og det er gode grunnar til at Sogndalsdalen er laussnøbikkjene
sin favoritt.
Hurrungane er det ikoniske fjellområdet lengst vest i Jotunheimen, mest kjend
for klatreklassikaren Store Skagastølstind. Fjell som Store Ringstind,
Fanaråken og Nordre Dyrhaugstind er høge, majestetiske og klassiske
vårskiturer. Toppane er tilgjengelege for dei fleste toppturentusiastar. Men
her finst også stupbratte renner og flankar som berre kan tilrådast for dei
mest erfarne, som den karakteristiske renna på Austabotntind.
Mellom desse to mest kjende områda finn vi Jostedalen. Det store og vide
området ved
Jostedalsbreen, der ein skientusiast kan finne alt ein kan draume om. Her er
høge toppar, brear, bratte renner og herleg skogskøyring. Jostedalen er
framleis forholdsvis lite besøkt av andre enn dei lokale toppturfolka, som
truleg er blant dei i Noreg som har tilgang til mest nyfallen nysnø kvar
einaste vinter.
Toppturar i Sogn er ein unik vegvisar til desse tre områda. Alle turane er
detaljert skildra med ruteinnteikningar på flyfotografi. Til kvar enkelt del
følgjer eit kart med oversikt over toppane. Boka er rikt illustrert med 160
turbilete i tillegg til flyfotografia. Toppturar i Sogninneheld óg kapittel om
skihistorie, skred, vêr og tips for turar på vårsnø.