78 skiturar i Astrup sitt rike – 78 ski tours in Sunnfjord (skitouring
guidebook in Norwegian language only)
I denne boka blir du guida til 67 av dei flottaste toppane, og du kan velje
mellom 136 ruter i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster. Sunnfjord byr på
snørike turar der du får alt frå bratte brearmar til kystutsikt, perfekte
kvite sider, dalar og renner frå både avrunda og spisse toppar. Blant toppane
finn du dessutan nokre av Nikolai Astrup sine kjende fjellmotiv.
Toppturar i Sunnfjord presenterer ei rikhaldig breidde av vegval til kjende
klassikarar og heilt «nye» toppar og ruter, eksponerte renner og gode
nybyrjar- og familieturar. Boka gir deg detaljerte opplysningar om vanskegrad,
eksponeringsgrad,himmelretning, brattheit, stigning og fall for kvar topp og
rute. Forfattarane
har gått alle toppturane og samla detaljert informasjon for rutene, som etter
GPS-sporing er teikna inn på kart og flyfoto. I eigne kapittel finn du òg
kunnskap om skred og ferdsel i vinterfjellet og eit tilbakeblikk i ski- og
fjellhistoria i området. Boka er dessutan rikt illustrert med turbilete.